Alverklinikken

Psykomotorisk fysioterapi

Kva er psykomotorisk fysioterapi?

Psykomotorisk fysioterapi er ein fysioterapibehandling der pasienten jobbar med å forstå seg sjølv og dei kroppslege plagene sine i eit heilskapleg perspektiv. Dette inneber å forstå samanheng mellom tankar, følelsar og kroppslege plager, og sjå desse i samanheng med sosiale og ytre psykologiske faktorar. Behandlinga krev systematisk innsats og evne til å endre mønstre, både kroppslege og psykososiale.

Vi har to psykomotoriske fysioterapeutar som har driftsavtale med Alver kommune:

  • Line Brun Wilhelmsen på Alverklinikken
  • Jorunn Sudbø på Nordhordland Fysioterapi 

Vi har eigne reglar for kven som kan få denne behandlinga.

 

Kven kan få behandlinga?

Prioritering betyr rett til vurdering. Avslag på behandling kan skje, basert på kroppsfunn, helsesituasjon (fysisk eller psykisk) og livssituasjon. 

Prioritering skjer på bakgrunn av kven som er vurdert til å ha mest utbytte av behandlinga, og kommunen sin kapasitet. Vi prioriterer etter følgende grupper:

  1. Barn, unge og unge vaksne som er i skuleløp eller under utdanning.
  2. Vaksne som er i jobb eller sjukemeldt.
  3. Personar som er på arbeidsavklaringspengar og/eller har vore gjennom lange behandlingsforløp hos mange aktørar (fysioterapi, kiropraktikk, rehabiliteringstenesterosv.). 
  4. Personar som er innvilga uføretrygd, er over 60 år, har hatt langvarig psykomotorisk behandling dei siste 10 åra eller har behov for vedlikehaldsbehandlig.Personar som har fått krav frå NAV om at all behandling skal prøvast før søknad om uføretrygd.

Kva er bakgrunnen for prioriteringa

Felles for gruppe 3 og gruppe 4, er at tilstanden som regel har vart lenge og er stabil. Mykje er prøvd utan nemneverdig effekt. Når funksjonsvansken har vart lenge, er det mindre sannsynleg med ei betydeleg endring. Alder er ei hindring grunna naturlege fysiologiske forutsetningar/aldring og kroppen har lite endringspotensial. 

Med dagens kapasitet for psykomotorisk fysioterapi får svært få frå gruppe 3 tilbod grunna stor pågang i gruppe 1 og 2, og må rekne med lang ventetid. Peronar i gruppe 4 vil ikkje få tilbod.

Ønsker du ei høgare prioritering enn kriteria til kommunen, treng du tilvising frå lege, psykolog og/eller spesialisthelsetenesta. I slike tilfelle er det ein forutsetning med samhandling og samarbeid med tilvisande instans.

Slik foregår behandlinga:

Du får maks 30 behandlingstimar. Dei første 6-10 konsultasjonane blir brukt til vurderingsbehandling, og behandlinga vil bli avslutt om han ikkje har effekt.

Nokre kan ha behov for eit lengre behandlingsforløp. I slike tilfelle er det naturleg og positivt for behandlinga med kortare og lengre behandlingspausar. Det kan også vere hensiktsmessig med periodevise mindre hyppige behandlingar i desse behandlingsforløpa.

Psykomotorisk fysioterapi rettar seg mot bevisstgjering og endring av spenningstilstandane i kroppen, og gir auka fortrulegheit og kontakt med eigen kropp.

Pust og spenningstilstand i muskulatur endrar seg i forhold til korleis vi har det med oss sjølve.

Vedvarande spenningsmønster kan låse seg over tid, og gi smerter i musklar og skjelett, eller andre plager. Stress, bekymringar, konfliktar, traumatiske opplevingar og livsbelastningar verker inn på kropp og kroppsopplevelse.

Psykomotorisk fysioterapi har som mål å være hjelp til sjølvhjelp. Behandlinga kan være individuell eller i grupper.

Kjensler lever i kroppen. Kjensler kan være vanskelige. Vi held pusten, biter tenna saman og svelger klumpen i halsen, mens hjartet dunkar i brystet. Kjensler kan òg være kilde til vitalitet og livskraft.

Behandlinga er aktuell for:

  • Barn, ungdom og voksne
  • Deg med vedvarande smerter i muskulatur og skjelett
  • Deg som er spent, opplever uro, søvnplager eller ulike trøyttleikstilstandar
  • Deg med plager relatert til pust
  • Deg med angst, depresjon, spiseforstyrringar eller traumer
  • Deg med alvorligare psykisk sjukdom som psykoseliding eller bipolar liding
  • Deg som ynskjer å forebyggje at kroppslege plager vert vedvarende

Kva kan eg oppnå med behandlinga?

  • Auka trivsel, livsglede og bedre funksjon i kvardagen
  • Auka mestring og reduksjon av smerter
  • Bli bedre kjent med kroppen sine reaksjoner og kva dei kan være uttrykk for
  • Forståing for kroppens forsvar og reaksjon på ytre og indre påkjenningar i livet
  • Auka kontakt med eigne kjensler, behov og grenser
  • Lære meir om samanhengen mellom kropp, tankar og kjensler
  • Kroppsleg beredskap vert redusert parallelt med at ressursar bevisstgjøres vert frigjort