Manuellterapi

Som alle andre fysioterapeutar kan manuellterapeuter undersøka og behandla pasientar utan tilvising frå lege. Fysioterapeutar som kan kalla seg manuellterapeuter, har òg – i tillegg til masterutdanninga si – bestått kurseksamen i radiologi og differensialdiagnostikk og laboratorieanalysar, og dei har særskilt trygdefaglig opplæring.

Manuellterapeutane har dessutan særskilte rettar og kan:

  • Vise pasientar vidare til spesialisthelsetenesta
  • Vise pasientar til radiologiske undersøkingar
  • Sjukemelde pasientar med muskelskjelettplager og -sjukdommar i inntil tolv veker.

Kven behandlar manuellterapeutane?

Manuellterapeuter behandlar pasientar med plager og nedsett funksjon i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.

  • Nedsett funksjon og smerter i og frå hovud, kjeve, nakke og rygg
  • Nedsett funksjon og smerter i og frå bekkenet
  • Nedsett funksjon og smerter i og frå ledd, sener, musklar og nervar i armar og bein etter slitasje eller skade
  • Manuellterapeuter behandlar òg pasientar som treng rehabilitering etter skadar (til dømes idrettsskadar) og operasjonar

Kontaktinfo

Telefon: 56 35 15 95

Er du forsikringskunde eller ynskjer å gå til heilprivat fysioterapeut utan refusjonsrett, kan du bestille time bestille time hjå Roger via telefon/sms på 92 35 83 45 eller på nett.

Adresse

Alverklinikken AS
Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø