Fysioterapi

Fysioterapeutar jobbar med kropp og rørsle for å fremma god helse. Ein fysioterapeut førebyggjer og behandlar skader og sjukdommar som gir smerter og/eller nedsett funksjon.

Behandlinga er basert på undersøking og vurdering av problemet til pasienten og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til. Målet er at pasienten kan utvikla, gjenvinne eller halda ved like funksjonsevna, utnytta eigne ressursar og bidra aktivt i å betra eiga helse.

«Fysioterapeut» er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet. For å få autorisasjon må ein etter enda 3-årig høgskuleutdanning gjennomføra ettårig, turnusteneste.

Kontaktinfo

Telefon: 56 35 15 95

Er du forsikringskunde eller ynskjer å gå til heilprivat fysioterapeut utan refusjonsrett, kan du bestille time bestille time hjå Håkon via telefon/sms på 97 74 03 26 eller på nett.

Adresse

Alverklinikken AS
Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø