Førsteundersøking

Undersøkinga dannar grunnlag for behandling og opptrening. Ta alltid med:

  • Eventuelle epikriser og svar frå bildediagnostikk (røntgen, MRI etc.)
  • Eit handkle eller eit laken til behandlingsbenken. Det er òg mogleg å låne dette mot eit pristillegg på kr 20,-

Betaling

Du betalar ein offentleg fastset eigedel på behandlingane hos avtalefysioterapeut fram til du har opparbeidd deg rett til frikort – les meir på  helsenorge.no. Born under 16 år og personar med godkjent yrkesskade skal ikkje betala for fysioterapi. Sjå takstplakaten for meir info.

Avbestilling

Skal skje seinast 24 timar på førehand, eller siste virkedag. Avbestilte timar innanfor 24 timar, må betalast i sin heilskap (pasientdel og trygdeandel) – les meir på lovdata.no. Denne regelen gjelder sjølv om du har frikort 2, rett til fri behandling eller blir sjuk.